Fastlegar til Kvam Herad Kommune

Heltid @Kvam Herad Kommune in Läkare , in Specialistläkare
  • Post Date : 28 February 2025
Email Job

Job Description

Fastlegar
Allmennmedisin

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?

Kvam herad har ledig ein fastlegeheimel frå 1.6.25 ved Norheimsund legekontor og ein fastlegeheimel ved Helsebanken legekontor frå 1.9.2025. Me søkjer deg som er spesialist i allmennmedisin, eller lege med gjennomført LIS1 som ønskjer stilling som ALIS. Ved tilsetjing av ALIS vil det vera aktuelt å tilsetja fleire legar for å dekka talet på listepasientar.

Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 12 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.

Om kommunen vår
Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/

Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legesenter i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Ã…lvik og Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frÃ¥ sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar pÃ¥ heimetenestene, og i trÃ¥d med “Bu trygt heime”-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet.

Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen.

Arbeidsoppgåver
Kurativt legearbeid i fastlegeordninga
Heimelen som er ledig i Helsebanken vert pr i dag drive som næringsverksemd der legen har ei pasientliste på 1 000 pasientar. Listelengd kan reduserast og tilpassast din progresjon i spesialistutdanninga. Driftsform kan endrast til fastlønn om ønskjeleg. Dette vert avtala nærare ved tilsetjing.
Heimelen ved Norheimsund legesenter har også vore drive som næring der legen har ei pasientliste på 900. Noverande heimelshavar har sagt opp, men fungerer som vikarlege i påvente av utlysing og tildeling av heimelen. Listelengd kan reduserast og tilpassast din progresjon i spesialistutdanninga. Driftsform kan endrast til fastlønn om ønskjeleg. Dette vert avtala nærare ved tilsetjing.
Deltaking i legevakt
Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan. Arbeid på legevakt er fastlønna og med gode lønns- og arbeidsvilkår. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har legevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30.

Andre oppgåver:
Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar
Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå frivillige avtalar, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege evnt. spesialist i allmennmedisin, oppgje HPR-nummer
Gjennomført LIS1-teneste
Gode fagkunnskapar og ferdigheiter
Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden

Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet
Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam
Trivst med akuttmedisin og legevakt
Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse
Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar

Me tilbyr
Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet, men legane set sjølve opp vaktlister ut frå den einskilde sine ønskje om vakter. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale med gode lønns- og arbeidsvilkår for legevaktsarbeid.

Norheimsund legesenter
Norheimsund legekontor er eit kommunalt legekontor med 6 legar og 3 helsesekretærar. Legekontoret er lokalisert i Norheimsund sentrum.
Legekontoret nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no.
God utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling
Ultralydapparat tilgjengeleg
Kontoret har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke.
Helsebanken legekontor
Helsebanken har i hovudsak fastlegar som driv næring, men også med kommunal tilsetjing
Legekontoret nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no.
God utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling
Ultralydapparat tilgjengeleg
Kontoret har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke.
Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift?

Kommunen er open for ulike driftsformer og kan tilby næringsdrift (8.2 avtale) eller fastlønn med insentivløn. Basistilskot til lege som driv næring er kr 1 000 pr listepasient.

Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist.
Me tilbyr avtale om næringsdrift eller fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar frå pasientar). Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering.

Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Terje, Gudmund eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det
gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Terje Langeland
Tittel: Helse og omsorgssjef
Telefon: 975 64 258
Navn: Gudmund Øvsthus
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 26 387
Navn: Ragnar Hansen
Tittel: Fastlege og tillitsvald DNLF
Telefon: 990 03 131
Hjemmeside
https://www.kvam.no/
Arbeidssted
Hardangerfjordvegen 615
5610 ØYSTESE

Merk deres søknad med Legepersonal.no

Other jobs you may like